Langt Heimafrå

Ingebjørg Bratland og Odd Nordstoga har endeleg slege seg saman att for eit nytt projekt!

Fyrste singel «Ingenting å vera redd for» kom i vår. Den sparka i gang eit travelt år for den populære duoen. Den 1. desember kjem dei til Nøtterøy og spelar opp med låtar fra sitt doggfriske album «Langt heimafrå», ei plate delvis spelt inn i Irland og med Atlanterhavet rett utanfor studiovindauget. Det er no ti år sidan sist duoen spelte inn plata «Heimafrå» til stor jubel, og på denne konserten kan det nok også bli sjansar for å høyre nokre fine låtar som har kvilt – lenge nok.

Sidan sist har Ingebjørg Bratland blitt ein av dei største artistane i Noreg, medan Nordstoga har fortsett med å levere ei rad med album som publikum og kritikarar har elska. Når Ingebjørg og Odd slår seg i lag, er det aldri langt til den rike folkemusikkarven dei begge har med seg fra barndommen. Men musikken deira når likevel langt utover fjellheimen i VInje. Uansett kor du kjem frå, kan me lova at du aldri kjenner deg «Langt heimafrå» med denne duoen på scena.

Vel møtt til ein akustisk, morosam og stemningsfull konsert med to artistar med særdeles god smak – dei er nemleg kvarandres største fan.

Langt Heimafrå

FRE 1. DES KL. 18:00

FRE 1. DES KL. 20:30 FÅ BILLETTER

HVOR: Nøtterøy Kulturhus, Amfi

VARIGHET: Ca 1 t 30 min

PRIS: 635,-

ARRANGØR: Nøtterøy Kulturhus

PRAKTISK INFORMASJON

Arrangementet starter presis. Dørene til salen åpner 15-30 min før. Foajeén og kulturhuset er åpent 1 time før og 1 time etter. Du viser billetten før du går inn. Om du har mobilbillett bør den lastes ned før inngang for å unngå kødannelse. Forhåndskjøp gjerne snacks og drikke, så står det klart til deg på et bord når du kommer.  Våre billettbetingelser leser du her.

PARKERING

Stå gratis utenfor kulturhuset eller nedenfor v/kulturskolen, oppe på Tinghaug og ved Borgheim skole på kveldstid. Parkering utenfor REMA er ikke tillatt, man kan risikere å få bilen tauet vekk.

SNACK & DRIKKE